fredag 10. juli 2015

Lofoten del 5: Under Svolværgeita og Djevelporten

Etter regnver i Henningsvær sette eg kursen mot Svolvær og overnatting der. Frå teltopninga kunne eg sjå Svolværgeita. Skulle gjerne vore oppe der, men prisen for å delta på guida tur opp dit var litt for stiv for ein budsjettferie. Eg bestemte meg for å gå oppover mot Svolværgeita og vidare til Djevelporten. Stien er bratt, men enkel å gå. Når ein kjem på høgde med geita, flatar den ut og følgjer dalen innover før ei siste stigning opp mot Djevelporten og Frosken.


Svolværgeita sett frå teltet
Svolvær
Bratt motbakke i starten


Djevelporten



Kart over turen:



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar