Lofoten del 3: Hauklandsanda, Mannen 400 moh og fiskelykke

Neste stopp på turen var Hauklandsanda, ei aldeles nydeleg strand. Eg har vore der før og måtte berre tilbake. Stranda har vore kåra til ei av dei finaste strendene i Noreg.

Eg hadde bestemt meg for å overnatte på stranda, og starta opphaldet med ein tur til fjellet Mannen som ligg rett over stranda. Det er 400 høgdemeter opp dit, og turen går langs fin og tydeleg sti og siste delen går langs ein fin rygg med flott utsikt til Utakleiv og mot Vestvågøya og Flakstadøya. Forkjølelsen var absolutt ikkje noko betre så eg pusta og pesa meg opp motbakken. Men, når eg satt på toppen og sola kom, da var det glemt. Eg kunne nyte kaffekoppen i sola og sjå på Hauklandsanda frå fugleperspektiv. FOR ei utsikt! Stranda er veldig fin frå havnivå, men 400 høgdemeter høgare opp var den berre heilt fantastisk. Satt på toppen ganske lenge, og var overraska over at det ikkje var andre der.




Ryggen til topps
Mannen
Lunsj med utsikt!
Vikstranda
Mot Flakstadøy. Den høgaste toppen mot horisonten er Stornappstind, der var eg for nokre år sidan. 



Då eg skulle gå ned igjen kom det ei til opp på toppen, og da måtte vi så klart ta bilete av kvarandre! Kunne til og med ha t-skjorte og oppretta bukse!!

Utakleiv
På tur ned til stranda igjen stoppa eg for å fiske i Solstadvatnet. Det vaka over heile vatnet og eg fekk fisk på kroken på første kast! Fekk blod på tann og heldte på til ein fisk slukte heile kroken, snøret rauk når eg skulle få den ut igjen, og eg hadde ikkje med fleire krokar...Men, det vart nok til ein betre middag!








Nede på stranda kunne eg ta årets første, og beste?, utepils!
Utepils av beste sort.
Legg til bildetekst


Sette opp teltet på stranda og overnatta. Skal leite lenge etter betre utsikt frå hotellvinduet!!







Heilt greit å legge seg til denne utsikta!

Kart over området og tur til Mannen: 











Kommentarer