Panoramajakta held fram; Hesten 1610 moh, Innfjorden

I går tok eg turen til Hesten i Innfjorden.  Starta rett etter den store parkeringsplassen på Herdslan før Bøstølen. Det er godt merka sti heile vegen opp lia til Gjølbotn. Kart over ruta ligg nedst på sida.


Flotte haustfargar!


Middagstind sett frå Gjølbotnen
Fremst i Gjølbotnen ligg ei lita tjønn, og det var heilt nydeleg å sjå fjella og haustfargene spegle seg i vatnet.






Frå tjønna ser ein også tindenåla "Hestkuken".


Frå tjønna sikta eg meg inn mot fortoppen til Hesten, 1481 moh. Første del er veksling mellom lyngrabbar og urd, før det går over til urd og stein resten av turen. Utsikta blir betre og betre etterkvart som høgdemetra går unna.

Skjervan
Høgstolen

Sjøboltinden
Toppen dukkar opp


Mykje artige formasjonar å sjå

Blåne på blåne!
Finnan midt i bildet.
Nonstind, Hestens fortopp og Middagstind



Langt og bratt ned!

Panoramatopp nr. 140 i boks!
Innfjorden
Molde i det fjerne

Hit må eg tilbake!


Traversen som går over til Litjehesten
Toppen av Hesten

Skjervan


Eg må tilbake seinare, då det er to toppar til i "Hesten-massivet" som er panoramatoppar.

Eg tok samme rute ned igjen, og panoramatopp nr. 140 er i boks!


Kommentarer