onsdag 17. september 2014

Over skyane er himmelen bestandig blå!

Ein fordel med å bo i Nordbyen er at ein av og til er over skydekket og får med seg soloppgang med "dyna" liggande nede langs fjorden. I dag var ein slik dag. Så tok ein biltur til Varden før jobb, og fekk med meg at sola kom opp over tett skydekke og med heile Moldepanoramaet stikkande opp over skodda. Ein perfekt plass å nyte dagens første kaffekopp på!

















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar