Tour de Bobil etappe 4 - Frå Flåm til Loen

Dagen etter turen ned Flåmsdalen tok vi ein roleg start på dagen før vi pakka saman på campingen og sette kursen mot Loen kor vi skulle gå Via Ferrata dagen etter. Det var dårleg ver på turen, så det frista ikkje med stopp, med unntak av Bøyabreen som plutseleg dukka opp før Fjærlandstunellen.

Bøyabreen.
Dette var skilta som utsiktspunkt!!! På Innvik-fjellet.
Loen. Skålatårnet omtrent midt i bildet, toppen er inne i skodda.

Innover mot Olden.
Loen til venstre og Olden til høgre.
Etter at vi hadde innstallert oss på campingen, så var det på tide å ta SUP-brettet ut på fjorden. Thea har aldri prøvd SUP (stand up paddle board) før, men var eit naturtalent!



Frå fjøresteinane såg vi Gjølmunnebrua som vi skulle over dagen etterpå!





Etter padlinga var det klart for herremåltid i bobilen, pitapizza! Knallgodt!






Kommentarer