Tour de Bobil etappe 3 - Flåm og Flåmsbana

Vi rakk akkurat å komme oss til Flåm camping før dei stengte for kvelden på tirsdag Onsdags morgon var vi klar for Flåmsbana. Vi skulle ta toget opp til Myrdal stasjon og sykle ned igjen. Vi var tidleg ute til første tog, men fekk ikkje plass til syklane våre, så vi venta til neste avgang. Flåm er ein liten stad, men med mange cruisebåtar i fjorden var det yrande folkeliv klokka 8 om morgonen. Det er ganske festleg å sjå på desse turistane, og vi observerte livet når vi tok oss ein kaffe medan vi venta.

Så kom vi oss på toget og hadde flaks og fekk oss plass ved vindauget. Det var litt rufsete ver i starten av turen, men jo lengre opp vi kom jo betre vart veret.

Flåmsbana er ein av dei brattaste toglinene i verda på vanlege togskinner. Togturen går forbi rallarvegen, langs stupbratte fjellveggar, skummande fossefall og gjennom 20 tunellar. I løpet av ein time teg toget deg frå havsnivå til Myrdal stasjon på Hardangervidda, 865 moh. Myrdal er ein stasjon på Bergensbanen, som gjer at ein kan ta toget vidare til Bergen og Oslo.






Ein av fleire tunellar som går i fjellveggen.
Myrdal stasjon på toppen og alle svingane vi skulle ned etterpå!
Tunellar i fleire etasjar!

I Kjosfossen, kor det var innlagt fotopause, dukka plutselig Huldra opp!

På Myrdal stasjon.

Oppe på Myrdal Stasjon var det sur vind og kaldt og vi sette kjapt kursen nedover mot dei 21 serpentinersvingane som tok oss ned til Flåmsdalen. Turen ned til botnen var artig og vi kom oss unna den sure vinden.

Flåmsdalen er ein frodig dal, men høge fjell, fossar, elver, grøne marker og geiter. Det vart ein skikkeleg fin tur ned dalen tilbake til Flåm.

Nedanfor Myrdal stasjon, akkurat starta på turen ned.
Thea held store fart ned svingane!




Flåmsdalen er ein frodig dal.


Tipp topp tommel opp for denne turen!



Her fekk eg lyst på Melkesjokolade!!
Det var ein tunell på vegen ned.


Dei var ikkje tilhengarar av cruise-turistane i strøket!
Flåm kyrkje

På ettermiddagen tok vi oss ei "byvandring" i Flåm sentrum og fekk sjå korleis det såg ut der utan alle turistane.




Vi rakk ikkje leite etter skatten!
Vi måtte ha oss ein ispause i varmen!



Det vart med tanken, ikkje direkte varmt i vatnet...


Så kosa vi oss på campingen resten av kvelden!












Kommentarer