Panoramajakta held fram; Klauva 1394 moh, Vistdal/Isfjorden

I går var det tid for panoramajakt igjen. Dagens mål Klauva 1394 moh, som ligg nordaust for Kirketaket og aust for Klauva. Starta turen frå Opdal i Vistdal, kor det er merka sti opp til Kjøvdalsvatnet, som er stikkut-post. Fin sti, men blaut og delvis bekk pga mykje nedbør i det siste. Litt kjedelig strekke, drøye 5 km inn til vatnet. Det såg ut til å vere godt fiske i vatnet, det spratt og vaka medan eg åt mat der. Ved Kjøvdalsvatnet er det stidele på T-stiane til Måsvassbu, Vasstindbu og Kjøvskaret over til Isfjorden.
Innover Kjøvdalen, Vasstindan og Kjøvskardtind midt i bildet.
Ved Kjøvdalsvatnet, Kirketaket midt i bildet, mitt mål til høgre for Kirketaket.
Fin plass for matpause, og mykje fisken vaka og hoppa!

Utsikt ned Kjøvdalen
Etter matpause, sette eg kurs rett opp på ryggen som fører opp til toppen av Klauva 1394. Litt urd og småbratt i starten, men vel oppe på ryggen er det fint terreng heile vegen opp til toppen.

På veg opp lia.
Klauva kjem fram.

Etter topp 1164 er det eit lite smalt og bratt parti, men ingen problem og komme over og opp (sjå bilde under).



Ryggen opp mot toppen og målet for turen.
Skyar på veg!
Mørkvatnet med Klauva, og kor Ivers topp er synleg i skyggen i vatnet.
Siste bakken
 Regnbygene gjekk i alle dalar omkring meg, og skyer kom og gikk. Så etter kjapp knipsing var det ikkje lange opphaldet på toppen, her var det berre å komme seg ned før skitveret kom inn, og stålsette seg for den laaaaaaaaange turen tilbake.

Søre Klauva, Ivers topp og Klauva.

Kirketaket
Kvass egg
Utsikt mot Vasstindan og Kjøvskardtind
Ivers topp, med Søre Klauva i bakgrunn
Happy panoramajeger
"Klauvene"
Hesteskotraversen frå baksida

Hadde ikkje kome langt nedover før veret kom. Det var berre å pakke fotoapparat i vasstett pose og få på regnjakka. Det var som å stå i dusjen ein liten halvtime. Eg tok ei litt anna rute ned igjen for å slippe å gå heilt tilbake til Kjøvskardvatnet igjen. Så det var myrkryssing og elvekryssing med vatn til opp over knea. Ingen vits i å prøve å halde seg tørr lenger, var jo søkkblaut allereie! Så var det berre å traske dei kjedelege km tilbake til bilen, og var så heldig å bli overfalt av enda ei skikkeleg regnbøye til...

Fin tur, men kjedeleg med så langt strekke med transport. Det er også moglegheit til å ta toppen frå Isfjord-sida, men det er delvis luftig egg frå Ivers topp og over til Klauva 1394.

Panoramatopp nr. 138 i boks!

Kartet viser ruta eg tok.


Kommentarer