Panoramajakta held fram; Fremste Skorkja/Litlebotshornet 1306 moh, Sandegga 1364 og Sandegga Sør 1280. Kjersemfjellet/Ørskog/Stordal.

Etter ein treig start på dagen i går, hyva eg meg i rundt og sette kursen mot Kjersemfjellet, og til Grytalisetra (bomveg 20 kr.). Der pakka eg ein lett sekk og sette kurs mot Fremste Skorkja/Litlebottstinden og Sandegga.
Grytalisetra, måla for dagen i bakgrunn.
Fremste Skorkja til venstre, Sandegga er skjult bak Fremste Skorkja, Sandegga sør og Heimste Skorkja/Sandfjellet til høgre.
Første delen av turen går i, etter min smak, kjedeleg terreng med myr, flate området og kratt. Første motbakken kom nedanfor Litlebottsvatnet, og det vart endeleg teke nokre høgdemeter. Oppe ved vatnet tok eg ei pause og lurte på kor mange toppar eg kunne rekke over før kvelden kom.


 Etter litt om og men sette eg strake kursen mot første topp, Fremste Skorkja/Litlebottstinden. Etter 450 høgdemeter i bratt terreng var eg endeleg oppe. Så var det fram med fotoapparatet og knipse litt før eg kjapt sette kursen mot neste topp, Sandegga. Det er ikkje meir enn ca 700 meter i mellom toppane og ei stigning på ca 100 høgdemeter.

Snart oppe på Fremste Skorkja/Litlebottshornet. 
På toppen!


Molde i sikte!
Grytavatnet med Lauparen midt i biletet.

Vegen vidare mot Sandegga.
Oppe på toppen var det ei fantastisk utsikt og sola hadde begynt si ferd på veg ned. Under ein kjapp matpause vurderte eg sterkt om eg skulle springe bortom neste topp, Sandegga Sør. Det ville jo vere idiotisk å sette den igjen til seinare, men ville eg rekke ned før det vart mørkt? Eg tok sjansen og sette opp farta. Mellom dei to toppane er det først eit slakt/flatt stykke før du må ned i eit skard, så opp igjen til toppen.

Flott utsikt på toppen av Sandegga.
På dagens tredje topp, Sandegga Sør med Fremste Skorkja/Litjebottshornet til venstre og Sandegga til høgre.
Konstanterte på topp nr. 3 at solnedgangen såg ut til å bli skikkeleg fin og at eg låg ok an i forhold til skjemaet om å rekke ned før mørket. Det var ingen tid å miste, så full fart heimover langs samme ruta. 

Happy panoramajeger - 135 toppa i boks!
Lange skuggar på kvelden!






Nede ved Litjebottsvatnet hyva eg innpå ein kvikk-lunsj og fikk nye krefter til heimturen. Matpakka var litt underdimensjonert, så no tenkte eg berre på mat! Turen nedover gjekk unna i kjapt tempo, men med hyppige fotostopp då det var ein nydeleg kveld!














Vel tilbake på Grytalisetra var det å få opp teltet i ein fei og fyre opp stormkjøkkenet for ein betre middag, pølse med lompe, og øl! Det smakte fortreffeleg!! Når eg satt der litt salig etter maten, var det rett så magisk når sola krampaktig gav farge til himmelen på den eine sida og månen kom opp bak fjella eg nyleg hadde vore på. Slikt får du ikkje for peng!!

Grytalisetra





Så var det å hoppe i soveposen og kvile ut!

I dag vakna eg av nokre nyskjerrige kyr! Eg åt frukost og lurte på kor eg skulle ta turen idag. Satt der og kosa meg med kaffekoppen og såg på kart. Heldigvis slang eg eit blikk mot vest...det vart fart i pakkinga! Akkurat då eg hadde fått pakka saman alt og fått det inn i bilen opna himmelen seg. Resten av kaffen vart inne i bilen.... Så eg køyrde berre heim igjen!




Dette er eit veldig fint turområde som eg anbefalar på det sterkaste, det er ikkje berre Lauparen som er verdt eit besøk her i bakgarden til Tresfjord.

Det er nærare info om turane til Heimste Skorkja/Litjebottstind og Sandeggamorotur.no.

Panoramatopp nr. 133, 134 og 135 i boks!

Kommentarer

  1. Fresh og fin beskrivelse. Kjekt å sjå staute fjell frå ulike vinklar

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  3. Hei! Takk for god beskrivelse :) Kan jeg spørre hvor lang tid du brukte til Fremste Skorkja, og hvor mange km/høydemeter en går totalt til den?

    SvarSlett

Legg inn en kommentar