Panoramajakta held fram; bomtur rundt Småhola! Trollstigen/Innfjorden

I går hadde eg sett meg ut tre toppar i Innfjorden, Smørbottindan og Gråfonnfjellet. Eg hadde bestemt meg for å starte frå Slettvikane på Trollstigen og gå over til Småhola før eg skulle prøve meg på desse tre toppane som ligg på ei rekke.

Frå Slettvikane går det raudmerka sti fram til Småhola, kor Småholhytta ligg og kor stien går vidare ned Berdalen til Innfjorden. Halve turen er stigning, og går for det meste i ur og stein/mose/berg, slik som til venstre.

Når ein kjem opp på høgste punkt på turen ser ein ned mot Inste Småholvatnet som er omkransa av Småholtindane og Ringshornet i bakgrunn. Turen går vidare nedover langs fin sti, tidvis bratt og litt lausstein, men dette er berre eit kort strekke. Kartet under viser ruta.



Inste Småholvatnet
Småhola, frå venstre Høgfjellet, Smørbottindan og Finnan.
Dagens mål, Gråfonnfjellet lik bak og er ikkje synleg.


Vel nede i Småhola tok ein sein lunsj og såg meg ut ruta vidare. Eg hadde starta litt seint og det var meldt litt dårlegare ver utover dagen, men så langt så var det ikkje så verst med unntak av utruleg sterk vind. Eg sette av garde rett mot ryggen opp mot Smørbottstinden. Først gras og småstein, så større og større stein og urd. Oppe på 1350 moh kom eg til ein hammer som var luftig og vanskeleg og komme over. Kanskje uten sekk, men ikkje med. Men det var fin utsikt der da!

Innfjorden
Ned mot Småhola, eg runda rundt ryggen til venstre for Inste Småholvatnet.
Gråfonnfjellet.
Ryggen eg kom opp, Alnestind bak.
Finnan.
Skeptisk panoramajeger!

Eg rekognoserte rundt og leita etter andre moglegheiter og var veldig usikker på vegen vidare. På mine eldre dagar har eg vorte litt pinglete, og når det samstundes starta å regne, da var saken klar. Snu! Litt kjipt når det berre var igjen 150 høgdemeter da...men fjellet står der! 


Så var det å få på seg regnjakka og sette full fart nedover. Det gjekk kjapt unna ned til Småhola igjen, og der møtte eg på mora til alle regnbyger kombinert med piskande vind...Så det var berre å krumme nakken og sette stor fart langs stien tilbake. Etter ei lita stund slutta det og regne og sola kom!! Så da vart det klestørk og matpause!




Så var det berre å følge stien tilbake til bilen, utruleg kjedeleg terreng frå høgste punkt i skaret ned mot Inste Småholvatnet og ned til Slettvikane og berg og ur var som salo etter regnet.

Artige mønster i berget.


Vel nede irriterte det meg at eg ikkje kom meg opp, og nede i Småhola igjen såg eg ei løysing på den ekle hammaren, nemleg ta over ei renne og inn på ny rygg litt tidlegare. Så det er berre å planlegge retur!

Men det var veldig fint nede på Slettvikane!































Kommentarer