Kongen 1611 moh, Trollstigen, Rauma.


Idag har Benthe og eg vore på ein aldeles super tur på Trollstigen. Det er bestandig tungt å starte ein fjelltur i motbakke, så vi tok det ganske rolig opp til Bispevatnet og kom i farta. Vidare langs Bispevatnet og opp til skaret mellom Bispen og Kongen, kor vi tok ein god matpause og funderte på vegen vidare. 



Vi hadde planer om å komme oss på Dronninga, men vart usikker på vegen og oppdaga at vi hadde gått alt for langt opp mot Kongen før vi tok av til Dronninga. Så da sette vi kursen oppover mot Kongen. På vegen oppover måtte vi stoppe ofte og nyte utsikta. 


 


Kongen er eit ganske enkelt fjell å komme seg opp på. Du følgjer sti frå skaret oppover ein rygg som ender med at du kjem inn i ei renne som du følgjer omtrent til topps. Ryggen oppover er ikkje vanskeleg å gå på, og har få parti som kan opplevast som vanskeleg. Unntaket er nokre få meter før du kjem ut i renna du skal følgje. Oppover renna er det merka med raudt, og stien er så tydeleg at det ikkje er mogleg å ta feil av vegen. Så vi kryssa oss oppover og høgdemetra gikk unna. Ca. 50-60 høgdemeter under toppen kryssar ein over til ei anna renne. Dette punktet på eit par meter kan vere litt utfordrande, men det er ganske enkelt å komme seg over dersom ein tek seg tid. Så er det berre å gå dei siste metra til toppen, som er ei stor flate og kor ein finn ei lita hytte.

Øverst i denne "renna" kan det vere litt vanskelig, men det er gode tak til både armar og bein. 


Titlbake mot ryggen vi gjekk opp, Bispen, Trollstigen, Stigbotnhornet og Breitind. 
Renna oppover. 
God stemning på turen oppover!


På toppen er det fantastisk utsikt, som vi nytte i langdrag saman med heimebakte matpakker!!



Molde i det fjerne.
Isterdalen.


Kan ikkje bli så mykje betre enn dette!!

Etter lengre fotorunde, så sette vi kursen ned igjen samme veg som opp.







Benthe kunne krysse ut ein topp i jakta på å bli fjelldronning og eg var strålande nøgd med ein kjempetur i kjempeselskap! Takk for turen Benthe!

Meir om ruta til Kongen kan du finne her. 

Kommentarer