Fredag tok eg turen til Surnadal for å gå på Skardfjellet. Etter Kvenna fergekai tok eg av til Kvendbøvegen og køyrde så langt at eg kom til starten av bomvegen. Etter å ha betalt nokre kroner følgde eg vegen heilt til eg kom til ein parkeringsplass kor det var skilta til Skardfjellet. Etter å passert nokre blaute myrparti vart stien berre brattare og brattare, så kondisen fekk køyrd seg oppover lia. Stien er ikkje vanskeleg å finne, så det er berre å sette den eine foten framanfor den andre. Eg følgde stien opp til skaret mellom topp 843 moh (stor varde er synleg frå bygda) og Skardfjellet. Derifrå tok eg ryggen mot Skardfjellet. Først over ein haug, så litt ned før siste stigning mot toppen.
Ein fin, men tung første del av turen, og ei fantastisk utsikt! Konstanterte at sommaren ikkje har kome i høgfjellet, var ein del snø å sjå på fjella i rundt. Var også artig å sjå mot traversen Trollhøtta-Pekhøtta-Blånebba-Fauskånebba som eg tok i fjor sommar ( som du kan lese om
her).
Då var panoramatopp nr. 122 i boks!
 |
Enkelt å finne starten på stien |
 |
Fin sti oppover lia |
 |
Fornøgd, men sletta turgåar! |
 |
Utsikt mot Trollhøtta-Pekhøtta-Blånebba og Fauskånebba-traversen |
 |
Toppen i sikte |
 |
Ytre og Indre Sula i sikte |
 |
På toppen |
 |
Fornøgd med at panoramatopp nr. 122 er i boks! |
 |
Kvendbødalen |
 |
Utsikt mot havet |
 |
Rundskue frå toppen! Surnadalsøra rett til venstre for varden. |
Kommentarer
Legg inn en kommentar