Panoramajakta held fram; Næremstindan i Tresfjorden

Idag var planen å gå opp på Næremstindan, og forhåpentlegvis kome ned igjen med begge toppane avkryssa!

Køyrde til Tresfjorden og tok av til høgre ca 100 meter før bensinstasjonen og følgde vegen til endes (ved grind). Så var det berre å pakke særdeles lett ryggsekk, husk solkrem og plenty med drikke. Følgde så skogsveg eit lite stykke før stien opp til Nakken/Varin starta. Allereie etter 200 meter ønska eg meg vindusviskar til panna...det var over 25 grader, overskya og særdeles lommert, så det rann...
Stien oppover til Nakken er fin å gå, men det stig bra på oppover lia!


Godsaker i haugevis oppover..

Etter Nakken er stien vidare til Næremstindan merka med raudt, og det er ingen problem å finne fram. Etter kvart som høgdemetra gikk unna vart det meir og meir sol, og VARMT! Det var berre å ta runde 3 av solkremen allereie. Rett under fortoppen til den austlege Næremstinden, rundt 950 moh, knakk stien av i retning Næremstindan, og siste solide stigning stod for tur. Og, plutseleg var eg rett under toppen!






Fin utsikt mot fjella rundt Tresfjorden

Super dag i godteskåla!

Rett under toppen av Næremstindan Aust 1100 moh


Utsikta mot Næremstindan Vest frå 1100 moh-toppen
Lauparen og Brurefølgjet

Tilbakesyn til første toppen



Næremstindan 1100 moh lengst bak.




Næremstindan er ikkje fjell som er ofte besøkt, var berre 5 stykk som hadde vore der frå påske til no. Etter ein liten rast og endeleg litt vind, tok eg turen vidare bortover i retning den vestlege Næremstinden. I starten er det ein rygg som er fin å gå på, etterkvart blir den til ein smal egg. Eg fann ikkje eggen vanskeleg før eg kom bort til ein bratt hammar, ca. 400 meter frå Næremstindan Vest. Der det var vanskeleg, var det berre å gå litt ned i sida mot Kjersemdalen. Hammar eg kom til verka uoverkommeleg, var både bratt og luftig. Prøvde å leite etter alternative ruter men fann ingen eg likte. Svarte asså! Jaja, fornufta sigra, og eg tok ein matpause og nytte utsikta før eg tok same vegen tilbake igjen. Eg får komme tilbake igjen, kanskje frå andre sida?

Point of return






































For ein frå nordvestlandet er ikkje slik varme vanleg, så begynte etterkvart å bli ganske kokt i toppen.. Det er heldigvis iskaldt vatn å finne etter nedstigninga frå Næremstindan Aust, så da var det berre å fylle opp igjen. Turen ned gikk kjapt, på same stien som eg tok opp. Nede ved bilen var det 29 grader i skyggen og eg var så kokt at eg hoppa i den næraste elva- herrrrlig!






































Måtte sommaren vare, og panoramajakta så klart! Topp nr 125 i boks idag!


Kommentarer