På filminnspeling på Urke, Hjørundfjorden

På mandag var eg så heldig å få vere tilstades på ei filminnspeling på Urke. Studio Hamburg spelar inn to filmar i Noreg, og størstedelen av handlinga er lagt til Hjørundfjorden. Under mitt opphald fekk eg vere med på både location scouting, utsjekk av morgondagens innspelingsstader, utfordringar knytt til parkering og vanskeleg logistikk på knøttsmå stader med smale vegar...Eg fekk sjå skodespelarane øve inn scener som eg kunne sjå på frå regissørstolen, eg var backstage, såg på innspelinga og alle takes som må til for å få til ei scene, eg var inne i ein kassebil på baksida kor alle opptak fekk lik fargekoding og avslutta med å ete lunsj saman med alt frå skodespelarar til kokkar og lokale statistar! Ein utruleg interessant dag som gav meg stort innblikk i kor stor ein filmproduksjon er, kor mange typar kompetanse det involverer og kor mykje ein produksjon både legg igjen i lokalsamfunna og den store reklameverdien Noreg får i utlandet!

Dersom regjeringa greier å få gjennom incentivordning for film i Noreg kan vi i framtida få mange fleire slike innspelingar i vårt fylke, noko som også vil gje den regionale filmbransjen moglegheiter for å delta i ulike prosjekt.

I tillegg, Norangsdalen og Urke er verkeleg vakkert - ta turen!

Scouting location for näste dags innspeling

Detalj frå location..lekkert!

Produksjonsleiaren snakkar med rekvisittansvarlege

Bilar fulle av utstyr til alle moglege ting
Slik ser det ut frå ein regissørs synsvinkel
Måtte prøvesitte, såg på at dei øvde inn ei scene
Regissøren har full oversikt
Innspeling på gang
Lunsj vart servett på kaia på Urke
Av medbrakte kokkar og kioskvogn!

Makrellen gjekk plutsleg berserk ved kaia, både store og dei små som her!
Norangsdalen
Ein nydeleg biltur! 







Slogen midt i bildet
Slik ein landhandel skal vere!

Urkedalstindane

Fjella bak den veglause bygda Skår.




Lyngstøylvatnet
Lyngstøylvatnet er ein innsjø som vart til då eit ras stengte elva i 1908. Elva oversvømte ei seter og ein liten skog. På biletet ser du hustuftene etter bygningane.



Det er MANGE svingar på vegen gjennom dalen
Godt kamuflerte stølsbygningar

Slogen










Kommentarer