Næremstindan, Tresfjord

Hadde planlagt å gå på Næremstindan, iallfall den nordlegaste, og kanskje heile traversen over til Høgsvora. Plana var å gå frå aust til vest, men når eg stoppa bilen var det ikkje mykje snø å sjå oppover mot punkt 976 moh som er starten på traversen. Så eg tok på fjellsko og stavar og la av gårde. Oppover lia var det nesten ikkje snø, og med unntak av nokre snøflekkar så gjekk eg på bart underlag heilt opp til toppen. Vel oppe der, så vurderte eg å gå vidare, men synest at skavlen som var mellom ryggen på 976 moh og nordre toppen av Næremstindane såg veldig fristande ut. Så sette meg ned og sola meg og konstanterte at eg kjem tilbake når snøen er borte! Ein nydeleg dag ute på tur!
Det er utruleg mange fine fjell i området rundt Tresfjorden, så no er det berre å vente på fjellskoføret så er det å hyve seg over panoramatoppane!


Tresfjorden med Sandfjellet, høgaste toppen i Vestnes, litt til høgre i bildet.
Ikkje mykje skiføre...

Rollsbottskorkja, Overøyestolen, Brurefølgjet, Lauparen og Kvitknyken
Nordre Næremstindan

Mot Molde


På toppen 976 moh, på postkassa stod det Næremstindan, men på kartet har ikkje toppen namn,



Kjem tilbake til sommaren!

Dagen vart avslutta med nydeleg solnedgang i Molde, her er Gamlemstveten i sikte.

Dagens turmål, den litje knausen til venstre for Næremstindane (den svarte veggen).








Kommentarer