fredag 2. mai 2014

Bomtur i Tresfjorden


Forrige helg hadde eg tenkt meg å gå på Storlihornet, 995 moh, innerst i Tresfjorden. Køyrde heilt inn  i Øvstedalen og på bomveg siste stykket opp til Dalskleiva. Så var det med skia på sekken og opp den første stigninga, eit par hundre høgdemeter omtrent rett opp. Oppe på Dalskleiva blir ein møtt av eit fantastisk syn mot Litjeskorkja, Rollsbottskorkja, Overøyestolen, Kvassetind og Sandfjellet. Midt i dalføret ligg Storlihornet.  Eg sette kursen mot nordryggen, men fann ut etter 150 høgdemeter at det berre var å snu. Det var ikkje skiføre, ikkje fotføre, sank til opp på låra for kvart steg...Så da var det berre å snu og komme seg heim til solveggen. Men, fint var det!!

Utsikt nedover Øvstedalen mot Tresfjorden
Overøyestolen
Opp mot Litjeskorkja

Storlihornet

Overøyestolen, Rollsbottskorkja og Litjeskorkja bak Kleivavatnet

Highway to heaven??


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar