Panoramajakta held fram - Litje Kvassetinden 1135 moh og Fremre Kvassetinden 1100 moh. No er eg halvvegs!!

Idag tok eg turen til Skorgedalen i Rauma og sette kursen mot Kvassetinden. Kunne ta på skia ganske kjapt etter brua, men det var ikkje meir enn kva det måtte vere oppover. Det var som å vere på skitur etter påske..Snøen var ganske frosen, men ikkje problem å få feste med fellene. Først rett under toppen av Kvassetinden var det blankis-skare. Så det var på med stegjerna. Opp på og over toppen og ned mot Litje Kvassetinden og vidare til Fremre Kvassetinden var det både skiføre, stegjern og barmark. Så da var topp nr. 110 og 111 i boks og eg er halvvegs på jakta etter moldepanoramaet!!

Påskestemning...


Folkevandring til Smørbotten

Majestetar på rekke og rad



På toppen av Litje Kvassetinden
Frå Litje Kvassetinden mot Fremre Kvassetinden


Halvvegs til 222
Herjevatnet og Nysetra


Da e d berre å starte jakta på resten!

Kommentarer