Kjerringa mot vinden - Stokknoken, Gjemnes,idag

Idag tok eg turen til Stokknoken i Gjemnes, ein av mine store favorittar. Starta frå Stokke og sette kursen oppover mot Snipa og vidare til toppen av Stokknoken. Det var så GALE til vind heile vegen, at det var berre å krumme seg sammen og klore seg fast! Men det var heldigvis veldig fine og tørre fotforhold, kunne omtrent tatt turen i joggesko! Pussig vinter altså....Men frå toppen er det ei fantastisk utsikt i alle retningar, så det var verdt å slite seg opp! Pausen vart av det korte slaget, måtte jo kveile meg bak ein stein for å drikke kaffe....

















Kommentarer