mandag 5. august 2013

Panoramajakta held fram - Storhaugen 769 moh, Fiksdal

Eg og Tonje tok ein ettermiddagstur til Fiksdalen forrige veke for å gå tur til Storhaugen 769 moh. Det var meldt store nedbørsmengder og fare for lyn og torden, men vi tok sjansen og køyrde til Fiksdal Stadion der starten av turen var. Oppover lia var det relativt lettgått, med sauestiar på kryss og tvers. Ovanfor skogen var det å følge sti til topps. Det var ikkje direkte koseleg ver når vi kom opp på toppen, så det var berre å få på seg regnjakka og sette kursen ned. Nokre minutt seinare kom regnet....har aldri sett så store regndråpar før!! Men det varte berre 10 minutt.

Vel nede ved bilen igjen var vi einige i at det hadde vore ein grei treningstur, men fjellet fristar ikkje til gjentaking. Kan krysse ut panoramatopp nr. 95.

Takk for turen Tonje!

Her finn du GPS-fila frå turen:

http://gps.motionx.com/maps/e7c0dd928b7de83881a0a203d8215f30






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar