Panoramajakt i grauttjukk skodde - Gamlemsveten og Nordre Smørhylla


Forrige veke tok eg turen til Søvik for å sykle opp på Gamlemsveten. I sykkelboka til Iver Gjelsteinli står turen omtalt som BLYTUNG, og det kan eg skrive under på....det startar RETT PÅ motbakke, og den blir berre brattare og brattare jo lengre opp du kjem...maks helning på motbakken var 22,4 %....måtte trille sykkelen gitt! I tillegg var det grauttjukk skodde så eg såg ingenting på turen. På toppen kunne eg skimte omrisset av den store tv-sendaren som står der!
Men panoramatopp er panoramatopp, dette vart nr 96!






Etter turen til Gamlemsveten sette eg kursen mot Ørskogfjellet og den store parkerings/rasteplassen der oppe. Heiv meg på sykkelen igjen og sykla inn til Måslia. Der var det å montere på joggeskoa og turen heldte fram inn til Jutevatnet, langs vatnet og opp i skaret mellom Nordre og Søndre Smørhylla. Først til den nordre toppen, og så over eggen til den søndre, før eg sette kursen rett ned mot Jutevatnet igjen. Her var skodda nok ein gong ganske så tjukk og både eg og sauene eg traff skvatt like mykje. Omtrent null sikt, så lite å berette frå toppen av Nordre Smørhylla, panoramatopp nr. 97, og naboen Søndre Smørhylla.

GPS-fil for turen finn du her:
http://gps.motionx.com/maps/e7c0dd928b7de83881a0a203d82cd117






Kommentarer