Elveglis-ekspedisjonen 2013!

På ein styggværsdag i fjor haust surfa eg på nettet og kom over ein film kor ein familie reiste på oppdagingsferd langs ei elv, på flytemadrassar. Etter fleire turar på, langs og rundt elva Røa på Skåla kom eg på at noko slik hadde vore artig å gjort. Slang ideen ut over ein kaffekopp på jobben ein vintermorgon, og plutseleg var vi seks damer som var klar for oppdagingsferd!! Etter inspirasjon frå Brødrene Dal, fikk ekspedisjonen namnet Elveglis!

Vi gjekk til innkjøp av billige oppblåsbare båtar på Biltema og sette kursen mot Skåla. I skikkeleg pissregn vart turen på ca. 2,5 km gjennomført. Pga så mykje nedbør, vart det ikkje så mykje bildetaking, men nokre blinkskot kan du sjå under.

Her er ein liten smakebit frå ekspedisjonen, lengre film kjem seinare: https://vimeo.com/69072365

Takk for turen damer, gler meg til neste ekspedisjon!!











Kommentarer