Lenge sidan sist- kajakk, sykkel, panoramajakt, bobiltur, høgdepark, zipline, vår og fjelltur!

Alt for lenge sidan forrige innlegg, så her blir det nok eit oppsamlingsheat!

Kajakksesongen er endeleg igang! Starta årets sesong med tur på Malmefjorden. Godt og vere igang, ser fram til mange fine turar i sommar!


Sykkelsesongen er også verkeleg i gang, både på landevegen og i terrenget. Her er Tonje og eg på sykkeltur til Eide forrige helg.



Kjempefin stisykling på veg heim frå jobb idag!

 
Bobiltur, panoramajakt, frå tre til tre, zipline, gode mat og hyggeleg besøk.

Forrige langhelg var eg på bobiltur for første gong. Med lånt hus på hjul la eg først turen til Surnadal, kor målet var skitur til begge toppane på Snota. Planen var å kjøre opp Folldalen (på grensa mellom RIndal og Surnadal) til Gråsjøen og gå derifrå. Dette er den vanlegaste ruta til Snota. Men då eg var kome omtrent halvvegs, så var vegen delvis grove over av store vassmengder. Det frista ikkje å lure seg over i frykt for at det ikkje skulle vere mogleg å returnere. Derfor snudde eg og kjørte til Vindøladalen. Utruleg fint område, hit skal eg tilbake på sommarstid også!

Tidleg neste morgon var eg på veg mot Snota på steinhardt skare, i godt selskap av fuglekvitter og bjørnespor!! Når sola kom fram var det fort slutt på det fine føret, og det vart etterkvart både sugeføre, slusj, overvatn osv...Turen vart ganske lang og eg var allereie utsleta då eg kravla meg over den første toppen og sette kurs mot topp nr. 2 på 1668 moh. Ein kjempedag på fjellet og eg såg berre to personar til.

Returen vart minst like slitsom som turen opp, ette å ha kome meg ned til botn av Vindøladalen igjen, så var det VM i hating. Maaaaaaange km langs ein flat skogsveg, vekslande bart og snø, og snøen var av typen SUG! Trudde eg såg bobilen fleire gonger, men nei da, det var enda ein ny sving på vegen....Tenkte det at om bjørnen kom så hadde eg servert han mange kilo daukjøtt...

Sjeldan har ei kald øl smakt så godt som etter denne 11 timar lange skituren!!! Sjølv om det var ein veldig lang og tung tur, så var det eit fint område og eg fekk to nye panoramatoppar!

Vindøladalen med Snota til venstre i det fjerne




Tok ei stund før e kom me over na her bekken!!
Endeleg såg eg Snota!

Utsikt frå Snota 1562 moh mot Snota 1668 moh








Såg jo heilt til Batnfjorden og Harstadfjellet!






Afterski!
Etter skituren var eg ganske mør og tenkte det passa best med biltur og besøk, så sette snuten mot Sunndalen og besøk hjå skjønne Nora. 
Syklinga var ikkje så enkel, men det er rett før det går fort unna!!


Stor fart på skliå= mykje sand i heile fjeset!

Tok også turen opp til Gjørahaugen, omtrent 500 høgdemeter rett opp frå Gjøra. Blodym de luxe, men veldig fin utsikt nedover Sunndalen.










Sykkeltur i Sunndalen kan ofte innehalde hengebrukryssing av Driva
Action i Viromdalen

Neste stopp på bobilturen var først Grøa for ny campingdestinasjon, så rett til Viromdalen for mykje moro frå tretopp til tretopp og over elva. Det vart toppa med servering av lammelår laga i kokegrop, aldeles nydeleg mat!

Luftig og farstfylt film kjem etterkvart.

Sjefen sjøl, Øyvind Vadla, instruerer om dagens sprell!



Jul i Blåfjell i det fjerne....
Fornøgd gjeng!!
Thea og eg var einige om at dette måtte vi gjere igjen, og gjerne enda høgare , lengre og fortare!!



Vårstemning i Molde





På toppen av Aukra kommune, Eidskremheia 493 moh.


























Kommentarer