Silsetrenna 2013

I går vart Silsetrenna arrangert. Dette har tidlegare vore kjent som Harstadfjellrennet, men frå i år har rennet vorte permanent flytta til Silsetfjellet og lyr det historiske namnet Silsetrenna.I perioden 1911 til 1965 var Silsetrenna eit av dei største idrettsarrangementa vinterstid i distriktet. Det var eit meget populært renn og størst var det kanskje i 1925 med NM og heile 5000 tilskodarar ved Silsethytta. Då var det hopp og langrenn, og frå 1932 vart det også arrangert alpinkonkurranse.

Silsetrenna består av fleire konkurransar; barneskirenn, randonne-konkurranse og fjelltelemarkkonkurranse. Eg stiller som vanleg opp som løypevakt under randonee-konkurransen, før eg deltek i open klasse i fjelltelemarkrennet. I år var det desverre berre to damer med, kor er dykk alle??? Sjølv om det undervegs ned fjellet er vanvittig vondt i låra, så er det veldig artig etterpå!!

Film frå rennet kjem seinare.



Dei for fort oppover lia desse....


Mot bla Skjorta og Sjøvdøla

Trollveggen til høgre og Vengetindan i midta

Nervøs stemning på toppen før start



Fantastisk utsikt frå Indergardsnebba

Kommentarer