Panoramajakt i "Blåskjerdingsmassivet"

Våkna til nok ein nydeleg dag og heiv meg rundt og pakka sekken og sette snuten mot ferga og Blåskjerdingen. Eg hadde sett meg ut at eg skulle ta tre panoramatoppar i dag, men kom heim med berre to! Eg starta frå Nakke-reset og sette først kursen mot Litjeskjerdingen, så av med fellene og nedkjøring mot Storskjerdingen, før fellene måtte på igjen. Oppe på Storskjerdingen vurderte eg vidare rute. Hadde sett for meg å gå opp den nordaustlege ryggen, men det såg ut til å bli både veldig bratt og veldig snølaust. Så bestemte meg for å gå normalruta opp til topp 1061 moh, og derifrå traversere meg over til tipp 1069 moh, som eg manglar. Vel oppe på toppen etter å ha kjempa med skikkeleg drittføre, skavlar og blankis, dei siste 250 hm, så fann eg fort ut at det ikkje vart topp 1069 i dag heller. Det var blankis og VELDIG bratt ned til eggen, så eg tenkte at dette fekk vente til sommaren.

Etter ein liten matpause og nyting av utsikta sette eg kursen tilbake til bilen igjen. På turen ned var det blankis, fokksnø, pudder, kartongføre og sugeføre!! Men, ein kjempefin tur uansett!

Utsikta frå toppen, mot Nordøyane



Mot Molde
Toppen av Storskjerdingen, 616 moh



Ved Skjerdingsvatnet

Blåskjerdingen




Toppen som heller ikkje denne gongen fekk besøk...

Byrkjevollhornet, dit må eg også på jakt....

Eggen bort til Tindfjellet




Det er berre å velge og vrake i fjell!


Kommentarer