Mot Nebba, Mittet, Rauma

Fredag hadde eg tenkt med på ein av den høgare toppane i Rauma, men når det var veldig kraftig vind sette eg heller kursen mot Mittet, og fjellet Nebba. Oppover skogen var det veldig fin puddersnø og vindstille, men idet eg kom over skogrensa var det berre å komme seg inn i hetta på jakka og motere skarejerna. I det eg bikka over toppen, var det bortimot slutt på snø....det var for det meste is og store knallharde snøskavlar, og vinden var særdeles sterk. På rundt 850 moh valde eg å snu, både pga vinden og pga det dårlege skiføret. Så eg flekka av fellene og sette kursen ned igjen. Kjempeartig skogskjøring med god puddersnø på tur ned. Nesten nede tok eg matpause og sola meg medan eg grubla på om eg skulle gå opp ein tur til...Etter nokre brødskiver og ein kopp te, sette eg kursen opp gjennom skogen igjen og fekk nok ein kjemperunde med pudderskogskjøring! Glisa heile vegen tilbake til bilen, sjølv om det ikkje vart ein topp idag.

Film kjem etterkvart. Under nokre bilete frå turen.



Badebasseng på Mittet


Stormfulle høyder...


Vindstille ned på Langfjorden....

Mittet-traversen, som vart gått på ski i fjor vår

Kommentarer