lørdag 22. desember 2012

Fjelltur og juleavslutning!

I går tok eg turen til Røssholfjellet i Fræna. Parkerte rett etter Tustentunell-bommen og gjekk langs skogsveg til eg kom til skilt som viste vegen til Røssholfjellet. Føret var ikkje det beste nede i lia, litt snø oppå blankis...så det tok på tida før eg kom meg over skoggrensa og snøen bortimot var borte.

På veg opp kunne eg nyte at sola kom opp over fjella i Romsdalen, rett og slett magisk! Og på den andre sida var det storslagen utsikt mot Gossen, Bud og Trolltindane. Med den utsikta så var plutseleg den knotete vegen opp glemt!
















Etter fjellturen henta eg to små i Fræna som var klar for juletrepynting og "juleavslutning"! Vi pynta juletreet og serverte potetball med pinnekjøtt til gjestane på juleavslutninga, litt julesteming er på veg!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar