søndag 11. november 2012

"Topptur-sesongen" er igang!

Når alle andre var ute og prøvde seg på pudderføret for eit par veker sidan, så låg eg snyte forkjøla heime. Derfor berre MÅTTE eg på ski idag, samme kva føre. Køyrde til Fursetfjellet og sette kursen mot Raudheia. Det var ikkje meir snø enn kva det måtte vere, men gikk greit å komme seg opp. Øverste del var steinhardt, medan det lengre nede var realt drittføre, gjennomslagsskare.....Men, greit å vere igang! Får berre satse på at det kjem litt meir snø no, slik at føret blir betre!





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar