British Columbia - Vancouver og Whistler

Eg har akkurat kome heim etter ei veke i Canada på studietur med NCE Tourism Fjord Norway, kor målet var å sjå på heilskapleg og heilårleg reiselivsutvikling. Vi var ei fin gruppe på 17 stykk som sette oss på flyet i Bergen mandag 3 sept. alt for tidleg. Så var det til Amsterdam før vi sette oss på flyet til Vancouver. Eg søv ikkje særleg godt på fly, så var lettare rundtspella då vi landa med 9 timar tidsforskjell. Etter litt byvandring, var vi klar for middag på Granville Island, ein av dei store turistattraksjonane i Vancouver.

Tirsdag var vi før lunsj på guida tur til Museum of Antropology, kor vi fekk eit interessant innblikk i kulturen til First Nation, folk av indianaropphav. Etter lunsj var det møte med dei regionale reiselivsstyresmaktene. 

Onsdag var vi klar for å forflytte oss til Whistler, og på vegen opp dit var vi innom Squamish og Squamish Adventure Centre og West Coast Railway Heritage Park, før vi kom til Whistler.

Torsdag var det møter med mellom anna firmaet Ecosign, som har utvikla mange resortar, både i Amerika og i Europa. Ettermiddagen brukte vi til å prøve Zipline - trur vi følte oss litt Tarzan heile gjengen!!

Fredag var det nye møter med utviklarar av utdanningar relatert til reiseliv og bikeparken i Whistler. Etter ein kjapp lunsj, var det tid for å prøve ut ein aktivitet, denne gongen sykling i Whistler Bike Park. Som svoren syklist var det hardt å ikkje få halde på meir enn to timar...som å ta frå ein unge godteriet!! 
MEN, den tida vi hadde var veldig bra og vi fekk kjaurt mange tøffe stiar! Eg er definitivt klar for meir av det slaget!

Det eg har sett av British Columbia denne veka har definitivt frista meg til å kome tilbake for å prøve mange av dei aktivitetane og det tilbodet dei har å by på!

Takk for turen til alle som var med, det var ei flott veke!!

FILM frå turen finn du HER.
PS! ikkje bli lurt av at filmen går litt i svart etter eit minutt ;-)

og BILDER frå turen, klikk på bildet under!


Kommentarer