Ferie del 2, Panoramajakta held fram, idag i Rauma

Idag har Arnhild og eg vore på tur til Rauma for at eg skulle ta eit par panoramatoppar. Dei to utvalde toppane har eg sett på heilt sidan eg flytta på hybel til Molde i 1994, så no var det på tide å besøke "stolan", dvs. Trollstolen (1141 moh) og Blåstolen (1111 moh). Vi køyrde til Måndalen og starta turen frå Moen, gikk innover Modalen og kryssa over mot skaret mellom Trollstolen og Litleheikollen, før vi klatra oss opp gjennom ura til Trollstolen. Skodda kom og gikk og vi var litt nervøse for at den skulle legge seg slik at vi ikkje fikk sett noko som helst. MEN, heldigvis heldte den seg på god avstand, og vi kunne nyte utsikta mot Molde og innover i Romsdalen frå toppen. Etter ein liten matpause tok vi turen ned i skaret mellom dei to fjella og tok fatt på drøye 200 høgdemeter opp ura til Blåstolen. Nok ein gong flott utsikt frå toppen!! Turen ned gikk ned i dalen mellom Urhaugen og Litleheikollen til Høgsetra, og derifrå på sti og traktorveg ned til bygda igjen, kor vi måtte gå knappe 2 km på vegen tilbake til bilen.

Kart finn du HER.

Det vart ein lang tur og vi var ganske så ferdige på slutten, det var berre fabulering om cola og potetgull på coopen i Måndalen. Men begge var einige i at det var ein kjempefin tur, og ja- det vart handling på coopen!

Takk for turen Arnhild!


Mosetra

Arnhild øverst i Modalen, Trollstolen opp til høgre

Froskeår- hoppa frosk overalt i Modalen!

Dagens topp 2- Blåstolen

Utsikt mot Skjervan

Utsikta frå toppen av Trollstolen, Vågstranda nedanfor, så Sekken og Molde


Fornøyd med å ha tatt første topp!


Blåstolen, neste mål

Ferdig med ein topp, klar for neste!


Utsikt frå toppen av Blåstolen mot Åndalsnes og Isfjorden

På topp nr. 2!
nistepause

Svartvasstind og Trolltindan




OG, i tillegg fekk Arnhild raska med seg ein Stikk-Ut post også, Juvikhalsen i Hjelvika.





Kommentarer