Ferie del 2, Panoramajakta held fram- Tinderangling i Måndalen

Idag har eg hatt ein fantastisk fin tinderangel-tur i Måndalen. Starta turen frå garden Moen (2,7 km oppover dalen på vestsida). Fulgte skogsveg, som gikk over i sti opp til Mosetra og vidare innover Modalen. Etterkvart kom det eine etter det andre fjellet fram. Var ikkje heilt sikker på kva for toppar eg skulle gå på, men bestemte meg for å gå opp på Vassfjellet (1000 moh) og gå eggen opp til den austlege fortoppen til Prosten, høgde 1160 moh. Relativt luftig enkelte parti, men heilt grei egg å gå om ein ikkje har høgdeskrekk. Frå høgde 1160 klatra og klauv eg eggen opp til Prosten (1263 moh). Her var det nokre parti som var litt bratte og luftige, men ikkje verre enn at eg kom meg opp! Frå Prosten var det ei fantastisk utsikt i alle himmelretningar. Desse tre toppane er Moldepanorama-toppar, så kan da krysse av tre nye!!

Turen gikk vidare over fin og brei egg til Grøntinden (1179moh) og vidare mot Kaldtind (1115 moh). Då eg nærma meg Kaldtinden kom det ein del skodde, men var ikkje problem å finne vegen. Toppen av Kaldtinden er veldig bratt og har ein ikkje klatreutstyr må ein gå nede i austsida av fjellet og runde rundt til topps. Etter Kaldtinden fulgte eg Torslåtten ned til hytter på omlag 500 moh, så fin sti ned til skogsveg, og etter 6 timar på tur var ringen slutta.

Les i Romsdals Budstikke idag at det er tusenvis som går Romsdalseggen i år. Eg må seie at desse eggane eg har gått idag overgår Romsdalseggen så det susar- rett og slett ein fantastisk tur som eg anbefaler, dersom du ikkje har høgdeskrekk vel og merke...

Her er kart over turen


Mosetra med Vassfjellet og Prosten i bakgrunn

Blåstolen og Trollstolen sett frå ein anna vinkel

Eggen opp mot Vassfjellet, topp 1160 moh og Prosten
Klar for eggen opp til punkt 1160 moh og Prosten

Topp 1160 moh og Svartvatnet

Svartevatnet

Utsikt mot Molde



Lekkert!

Topp 116o moh

På topp 1160 moh
Klar for siste innspurt mot Prosten
Mot Prosten

Svartevatnet, Svartvasstind og Trolltindan

Svartevasstind og Trolltindan


Mykje fint å sjå om ein har augene med seg

Utsikta frå toppen av Prosten, mot Molde

Utsikt mot Grøntinden og Kaldtinden


Godt fornøgd på toppen av Prosten!

Utsikt mot Månvasstind, Storbua, Kvassetind, Sandfjellet, Geitemjølkstind og Blåtindan

På Prosten!

Utsikt mot Månvatnet, Trolltindan, Månvasstind, Storbua, Kvassetind

Mot Grøntinden


Tilbakeblikk mot Prosten
På Grøntinden

Siste innspurt mot Kaldtinden



På Kaldtinden, ikkje akkurat god sikt...


Snart nede i Måndalen igjen, kjente "lukta" av cola på coopen!

Kommentarer