Idag har eg vore på panoramatopp-jakt i Haram. Køyrde til Helland, tvers over fjorden for Brattvåg, og sette kursen rett opp lia etter svært bratt sti. Med tung pust tok eg kjapt høgdemeter og kom meg over skogen og fikk utsikt. Etter skoggrensa var det fin sti å følge, men då eg nærma meg første "topp", Skjervheian (690 moh) vart det vanskelegare å sjå retninga og i tillegg kom og gikk det ein del skodde. Men etterkvart fann eg raud-merka steinar som eg fulgte oppover. Etter å ha tatt første topp, heldt eg fram opp ryggen til Hellandshornet (866-882 moh) på ur. Var omtrent NULL utsikt der oppe pga. skodde, så var ingen grunn til å bli sittande der. Fortsatte vidare over eggen og ned til bandet mellom Hellandshornet og Keipen. Så var det ca 170 hm opp igjen i terreng utan sti til eg stod på toppen av Keipen (916 moh). Der var det heller ikkje mykje å sjå, så eg heldt fram til Storfjellet (950 moh) og hadde då tatt alle fire toppane eg hadde håpa å ta idag. Så var det berre å starte på den lange turen ned. Sikta meg inn mot nokre små tjørner i Sætredalen, kor det skulle vere ein tursti eg kunne følge omtrent heilt tilbake til bilen. Flott rundtur, berre så synd eg ikkje såg så mykje....men skal ein vente på knallveret, så er det ikkje sikkert det blir så mange fjellturar!!
Her er kart over turen
 |
Utsikt mot Brattvåg |
 |
Utsikt mot Lepsøya, Haramsøya og Flemsøya |
 |
Flemsøya, Fjørtofta og harøya |
 |
Utsikt innover Midfjorden; Dryna, Midøya og Otrøya til venstre, Molde innerst i skodda og Rekdal til høgre |
 |
Gikk meg på litt av fjellets gull, og måtte ta ein smakepause! Herrrrlig! |
 |
Periodevis dårlig sikt... |
 |
Første topp, Skjerveheian |
 |
Utsikt frå Skjervheian mot Keipen |
 |
Hytte på toppen av Hellandshornet |
 |
Varden på Hellandshornet, hadde berre sola svidd bort skodda... |
 |
Ein augneblink med utsikt... |
 |
På toppen av Hellandhornet, topp nr. 3 |
 |
Mot topp tre, Keipen |
 |
Bratt på austsida av Keipen |
 |
Toppen av Keipen |
 |
Godt fornøyd med å ta topp nr. 3! |
 |
Utsikt frå Stofjellet mot Hellandshornet (høgre) og Keipen (venstre) |
 |
Siste topp, Storfjellet 950 moh! |
 |
Ein augneblinks utsikt mot Brattvåg |
 |
Utsikt ned frå Sætredalen |
Kommentarer
Legg inn en kommentar