Ferie del 2, Finveret kom og panoramajakta held fram - Bispen 1462 moh

I går vart det endeleg fint ver igjen, og da var det berre å hoppe i bilen og komme seg til fjells. Har i mange år kunna tenkt meg ein tur på Bispen på Trollstigen, så sette kursen innover mot Romsdalen.
Parkerte ved det nye anlegget på Trollstigen og fulgte raudmerka sti opp til Bispevatnet. Deretter på varda sti langs Bispevatnet og inn i skaret mellom Kongen og Bispen. Så langt hadde turen gått på fin sti og litt ur, men no var det tid for litt klyving og småklatring. Frå skaret mellom Kongen og Bispen er det mange stiar og mange lurestiar ein kan følge. Eg kom meg opp på eit vis og kunne til slutt nyte utsikta og ete matpakka. Traff kjentfolk på toppen, så tok følge ned og fann ein betre veg ned enn opp.

Bispen er eit fjell med mykje laust fjell og småstein, så dersom ein er redd for bratte og lause ting så er dette kanskje ikkje fjellet...Men eg synest det var ein rett så fin tur, og innser at det ikkje kan bli lenge til eg må tilbake, da står Kongen for tur.

Området ved Bispevatnet var  også veldig fint, så om du ikkje vil ta turen opp til Bispen eller Kongen, så kan ein nyte naturen oppe ved Bispevatnet.

Så, kryssa av ein topp til!!

Dagens turmål

Utsikt mot Skardfjellenden og Alnesdalen

Bispevatnet, Kongen bak i bildet

Dagens mål- Bispen




Siste (lange) bakken opp til toppen

Utsikt nedover Isterdalen og mot Åndalsnes



Mot Kongen

Klyving

Utsikt mot Alnestind

Utsikt mot Storgrovfjellet, Breitind og Stigbotthornet



Utsikt frå toppen

"Baksida" av Trollveggen










Brukte lang tid på turen heim og fikk med meg ein nydeleg solnedgang på Åfarnes fergekai











Kommentarer