Teltovernatting ved Eikesdalsvatnet og fjelltur i grauttjukk skodde

Etter skituren på Trollstigen kjaur eg til Eikesdalsvatnet for å overnatte i telt. Kjempefint ver, men litt for mange mygg....På trass av myggen kosa eg meg nede i "fjæra" i Osen med kaffe og jeger. Etter ei ganske bra natts søvn vakna eg til ein strålande morgon. Det er rett og slett stas å sitte og nyte freden og roa og naturen med eit par kaffekoppar!














Etterkvart sette eg kursen for Meisalfjellet, kor eg hadde bestemt meg for å ta turen til Blåfjellet (fjelltopp med hytte på toppen - les meir her). På veg innover kom skydekket kjapt nedover lia, og då eg parkerte bilen på Meisalfjellet var det NULL sikt...Satt og venta litt og til slutt tok eg sjansen på å gå. Var ingen problem å finne stien, som både var tydeleg og godt merka. Men då det gjensto omtrent 200 høgdemeter var det klin umulig å finne både sti og merking og skodda var for tjukk til at eg ville gå bort frå stien, hadde jo tenkt meg tilbake igjen til utgangspunktet!! Etter å ha venta litt så bestemte eg meg for å sette snuten ned igjen. På veg tilbake til utgangspunktet kom så klart sola og den blå himmelen...jajaj, får ha fjellet til gode til ein anna gong!












Kommentarer