Finnan 1786, Trollstigen

I går var det KNALLVER og eg benytta sjansen til avspasering og stakk til Trollstigen. Målet var Finnan 1786 moh. Kunne som tirsdag ta på skia i veggrøfta og trappa oppover. Overraskande bra føre, men mykje vassføring under snøen enkelte stader gjorde at ein måtte passe seg. Kryssa meg oppover og fikk betaling i form av flott utsikt då eg kom opp på ryggen. Måtte av med skia eit stykke gjennom ura, men ellers var det skiføre omtrent heilt til topps. Retur tok eg om Finnan-breen og ned igjen til bilen. Rett og slett ein fantastisk tur!

Meir info om turen finn du her.
Film kjem etterkvart.
























Kommentarer