mandag 4. juni 2012

Blåhammaren 710/725 moh

Panoramajakta held fram! I til tider ufyseleg ver og føre tok eg laurdag turen til Blåhammaren ved Skåla. Dei første fem minutta var det lettskya og til dels sol, før himmelen opna seg og det vart styrtregn som gjekk over til snø lenger opp i høgda...Etterkvart som eg kom lengre opp var det bortimot skiføre, og klin umulig å sjå kva som lurte under snøen...Med andre ord, ikkje akkurat ein super turdag, men toppen vart tatt! Hadde vurdert å ta med nabotoppen Snøfjellet på same tur, men med dei snømengdene og mykje vind og dårleg sikt, så gikk det ut!Får bli ein anna dag! På tur ned var det alt frå snøstorm og minimal sikt, via pissregn til sol og litt blå himmel..


Surt og kaldt på toppen, dårlig med utsikt

Sola trengte snøbygene bort...




Innerst i Osen, med ustikt mot Harstadfjellet (mogleg å sjå inni skodda)

Blaut så ei katte!

Mot Osvatnet og Fosterlågen

Fannefjorden


Utsikt mot Skålaksla,Hovdenakken og Molde

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar