Topptur utan toppkjenning

I går laurdag hadde eg tenkt meg på Sandfjellet 1471 moh, Vestnes kommune sitt høgaste fjell. Starta frå inners i Tresfjorden og fulgte bratt sti og snø opp Dalskleiva. Måtte halde fram med skia på sekken til ca. 900 moh langs ryggen opp mot Sandfjellet. Snøforholda var alt anna enn fine, så gikk opp ryggen til eg var på ein topp omlag 1100 moh, snudde der og tok same veg tilbake. Det gikk små og store ras overalt, kunne berre tenke på ordet ras så rasa det ut! Heller snu enn å bli tatt i ras! MEN, fin tur i eit fint område som må utforskast meir til sommaren!










Kommentarer