"Mittet-traversen": Snarketinden, Blåfjellet, Ryptinden og Dalefjellet

Eg og Sigri har fått blod på tann kva gjeld toppar i Moldepanoramet, så idag stakk vi frå jobb etter lunsj og sette nasen mot Mittet i Rauma. Der hadde vi sett oss ut ei rekkje på fire toppar som vi ville prøve å ta.

Første topp var Snarketinden, 1149 moh. Mesteparten av stigninga på turen får du opp til denne toppen. Først relativt flatt og slakt innover mot Hardskaret. Derifrå måtte vi ei lita strekning gå med skia på sekken før vi igjen fikk skiføre. Frå toppen var det ei flott utsikt mot fjella både i Romsdalen og på Nordmøre.

Frå Snarketinden gikk det kjapt bort til Blåfjellet, 1082 moh, etter at fellene var av. Deretter kjapt forbi Klauva og bortover mot Ryptinden. Det vart på tide å sette på fellene igjen for å komme seg opp til Ryptinden, 955 moh.  For å komme videre til siste fjell, måtte vi av med skia og klyve litt nedover, før vi kunne sette kursen rett mot Dalefjellet, 968 moh og dagens siste fjell. På turen ned fikk vi først ganske flatt lys og småekkelt føre, så fint føre, før vi til slutt fikk sugeføre og pill råtten snø.

Men, begge var vi einige om at det var ein rett så flott tur!

KART over turen finn du her.
Film kjem etterkvart!

Mange froskar var også ute på vårtur

Kartlesing med Ryptinden og Dalefjellet i bakgrunnen

Viktig å rapportere til omverdenen

På veg opp lia mot Snarketind


Snarketind i sikte

Flott utsikt!

Topp #1 Snarketinden

Harstadfjellet og Silsetvatnet i det fjerne

Topp #2 Blåfjellet


På veg mot Ryptinden

Topp #3 Ryptinden

Oversikt over nesten heile turen

Dalefjellet, siste fjell for dagen


På topp #4 Dalefjellet

Utsikt mot Molde

Kommentarer

  1. Hej!

    Vi är en grupp från Sverige som ska vandra i området nästa sommar.
    Jag undrar om vi får använda några av bilderna från denna blogg i marknadsföringen av vår vandring?
    Vi skriver givetvis (selvfølgelig) fotografens namn.

    Vi ska vandra med en grupp ungdomar i föreningen Friluftsfrämjandet. Det är ungefär som DNT Ung i Norge.


    med vänliga hälsningar
    Marcus O

    SvarSlett

Legg inn en kommentar