Jakta held fram - nye toppar idag!

Har nesten vorte heilt bitt av basillen no og jaktar Moldepanoramatoppar for alle penga!! Idag avspaserte eg litt og tok turen til Tresfjorden. Toppane som vart besøkt var Sandfjellet 1041 moh, Blåfjellet 1043 moh, ein liten namnlaus hump nedom Blåfjellet, Øspefonna 1084(ikkje panoramatopp), Geitmjølktinden 1361 moh og Vardfjellet 894 moh. Turen tok litt lengre tid enn berekna, så det er ei sletta frøken som no inntek sofaen!

For dei som vil prøve seg på tur i området, så går det bomveg, Nordigardssetervegen på Rypdal, omtrent opp til 180 moh. Ved parkeringa er det start for merka sti til mellom anna Nordigardssetra.
Kjempefint turterreng!

Kart over turen finn du her, og kanskje kjem det ein film etterkvart.
Meir info om denne skituren kan du finne her.



Er noko eige med vårskiturar!


Utsikt frå første topp Sandfjellet 1041 moh

Utsikt mot fjell nr. 2- Blåfjellet

Sandfjellet


Jendemsfjellet i det fjerne




Blåfjellet 1043 moh

Utsikt mot Geitmjølktind


Utsikt mot Måndalen frå Geitmjølktind 1361 moh

I bakgrunn Månvasstinden, Storbua, Kvassetind og Sandfjellet



Oversikt over ruta så langt!


På veg opp til siste fjell, Vardfjellet

Endelig på Vardfjellet, no gjenstår berre heimvegen....

Kommentarer