Palmehelga 2012

Så langt kan ein oppsummere påskeferien 2012 med orda mykje ver...Trur aldri eg har makka så mykje snø tidlegare i vinter som dei siste dagane. På verandaen her i Nordbyen er det no godt over 1 meter, og det ser ikkje ut til å stoppe heller...

Men, har jo gjort litt anna enn å makke snø. Starta påskeferien med triveleg besøk frå Sunndalen, Thea og Sigve var klar for overnattings i Molde. I tillegg kom Eline og Aleksander innom ein liten tur for å helse på sunndalingane.

Uno - like populært no som for 25 år sidan

Vi tok oss ein tur til apejungelen ved Nordbyen Skule






Søndag måtte vi såklart ein tur på Moldebadet, artig for både store og små, sjøl om den store syntest det var mest behagelig å sitte i boblebadet...




Takk for besøket, film kjem seinare!

Kommentarer