onsdag 11. april 2012

Kvannfjellet, 980 moh, skitur som vart ganske så blaut...

Etter jobb igår skulle eg og Tonje prøve oss på Kvannfjellet i Fræna. Vi starta turen i tilnærma shorts og t-skjorteføre og såg for oss ein nydeleg ettermiddags/kveldstur. Etterkvart som vi klatra oppover fjellet vart det gråare og gråare, så det vart ikkje noko lengre pause med solo og kvikk-lunsj på toppen, var berre å få av fellene og sette snuten nedover igjen. På turen ned kom det etterkvart regn og når vi kom ned til bilen var vi ganske så gjennomblaute. På trass av store gnagsår på begge to var vi einige om at det var ein fin tur...


Utsikt mot Gossen og Bjørnsund




Mot Hustadvika


Ut Kornstadfjorden, med Tustnastabban bada i sol

Atlanterhavsvegen

Ut Kornstadfjorden, utsikt til Averøu, Storlandet, Bergsøya, Frei, Tustna osv

Tussan, Gjemnes/Eide, Reinsfjellet i det fjerne



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar