Blåskjerdingen, 1061 moh

I alle år eg har budd i Molde har sett dette fjellet på avstand. Blåskjerdingen er ein ganske markant topp sett frå Molde, og har to toppar adskilt av eit bratt og smalt skar. Eg valde toppen til venstre, sett frå Molde. For å komme dit tek ein først ferga over Moldefjorden, så kjører ein til Fiksdal kor ein tek av i vegkrysset skilta mot Vatne. Kjøyr til høgaste punkt på vegen, der er stor parkeringsplass. (Også utgangspunkt for tur til Fiksdalshoinnje/Melen).

Turen opp tok ca 2 timar, og frå toppen var det ei fantastisk utsikt mot Sunnmørsalpane, ut til Runde, Nordøyane, Romsdalsalpane og innover mot dei høge og store fjella på Nordmøre. Var utruleg sur vind på toppen, så det vart ikkje akkurat appelsineting og soling...Det var berre å få av fellene og sette snuten ned igjen. Tok ei litt anna rute ned enn kva eg tok opp, og fekk fin kjøring i alt frå pudder til skikkelig vårslush! Det er noko spesielt med å gå skitur sålangt ut mot havet, hav og fjordar på alle kantar og fantastisk utsikt- flott tur!

Kart finn du her.
Meir om turen finn du her.

Blåskjerdingen, sett frå midtfjords




Var ganske frisk vind, så hetta var på omtrent heile turen...









Traff kjentfolk på toppen, så fikk knipsa toppbilde!






Kommentarer