fredag 27. januar 2012

Middagen ute i det fri!

Idag har Eline, Aleksander, Tonje og eg teke middagen ute i det fri.  Alle mann vart utstyrt med haulykt og ski og så sette vi kursen for Øverlandsvatnet. Etter litt knall og fall på vegen dit, tente vi bål og fekk fart på primusen. Etter ei lita stund gikk pølsene ned på høgkant! Vi avslutta med å grille marsmallows, slik at sukkernivået var høgt nok før heimturen... Og alle var einige i at det hadde vore ein særs fin tur!
Takk for maten!







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar