MAGISK!

I dag har eg vore på ein av dei finare fjellturane nokon sinne- ettermiddagstur til Stokknoken, 811 moh, i Gjemnes. Eg starta turen frå Stokke, og gikk via Snipå til Stokknoken. På den eine sida hadde eg ein fantastisk solnedgang, på den andre sida ein stor skinnande måne. Det er heilt fantastisk å ete middagen sin i slike omgjevnadar. Har forresten testa ein ny type tur-mat. På Bunnpris får ein kjøpt Eldorado turmat, berre å tilsette varmt vatn. Så langt eg har funne ut er det fire ulike sortar. Kylling i karrigryte var absolutt å anbefale. Kart over turen finn du HER.

Kommentarer

  1. Flotte bilder! Dette høres ut som en morotur....:)

    SvarSlett
  2. Dette var ein morotur ja! Skal fort sjå den kan bli ein www.morotur.no også! -)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar