Øygarden Useriøse Sauesankarlag vol.2

I dag har eg igjen vore på sauesanking for Øygarden Useriøse Sauesankarlag. Det er vel ingen underdrivelse hvis eg seier at toktet var omtrent motsatt på alle måtar i høve til førre laurdag. Vi starta i pøsregn, som gikk over til sol, djupsnø og vinterstemning, sauene eg fikk i oppdrag å geleide ned til bygda gikk fint på stien, ingen sprell og lengre springerundar, og eg fikk til og med tid til å sette meg ned og drikke kaffe og ete kvikklunch. Takk og pris for at dei tre sauene vart så svoltne av å gå over fjellet i djupsnøen at dei heiv seg over første og beste grasflekk når vi kom ned i skogen! Det går til og med rykter om at eg snart kan bli tatt opp som fullverdig medlem i det seriøse sauesankarlaget. Kryssar fingrane for ja, og at eg snart er ein anerkjend sauesankar ;-) Det var iallefall ein utruleg fin tur, sjølv om det var meir eller mindre skiføre halve turen. Alle bilder er tatt med mitt GoPro-hjelmkamera, det skikkelige fotoapparatet vart spara for pøsregnet.

Kommentarer