På tokt for Øygarden Useriøse Sauesankarlag

I dag var det dags for årets innsats for Øygarden Useriøse Sauesankarlag. Vi starta i særdeles fint og varmt haustver med korterma og buksa oppbretta til langt oppom knea- og eg kan skrive under på at det vart veldig varmt når e måtte klyve opp den bratte lia uten sti og som kan kategoriserast som "molmark" på Batnfjordsk, omtrent ugjennomtrengelig...I dag hadde sauene tydelegvis tenkt å kødde med dei som jakta på dei og sprang som tullingar i alle moglege retningar, gjerne rett oppover igjen etter at dei var på veg ned....Kort oppsummert: veldig tunge lår! Men men, vi fikk ned ein del sau! Ei staseleg oppleving var når eg var 25 meter frå 4 store grasiøse hjortar som kom i lett jogg opp fjellsida og fortsette over fjelltoppen- fantastisk!

Kommentarer