Stisykling Kringstad-Kringstadsetra-Langvatnet

I dag har eg oppdaga ei lokal perle- Langvatnet! Starta frå parkeringa på Kringstad (rett før Djupdalen) og sykla opp til Kringstadsetra. Fin skogsveg på turen opp dit. Frå Kringstadsetra til Langvatnet går det over i sti, som innimellom er ganske steinete og inneheld eit og anna myrparti, før du kjem til brua kor du kryssar Haukabøelva som renn ut av Langvatnet. Stien langs Langvatnet er tidvis fin og sykkelbar, medan andre parti er trilling. Omlag halvvegs på vatnet kjem du inn på skogsveg, som til slutt ender på Åndal i Fræna. Eg sykla ned til ein bom, omlag ved Åndalssetra, før eg snudde og tok samme veg tilbake.

Eg har aldri vore i dette området før, men det skal gjentakast. Ei fin lita bynær perle mellom Molde og Fræna.

Kart over turen er HER.
Film kjem ein dag seinare.



Kommentarer