fredag 12. august 2011

Sykkeltur rundt Midøya og Dryna

Eg er framleis litt i Budsjettferie-modus og driv med kortreiste opplevingar i nærområdet. Idag har det og vore ganske fint ver, så Tonje og eg tok bilen ut til Midsund sentrum, kor vi parkerte og kom oss på syklane. Turen gjekk først på yttersida av Midøya og så til Dryna, kor vegen stoppa og vi snudde. Så tilbake til Midøya kor vi tok innersida tilbake til Midsund. Ein flott tur med utsikt til storhavet, og artig å sykle ein plass kor ingen av oss har vore før. Vi har allereie sett oss ut at dette kan bli ein del av ein dagstur, evt. overnattingstur, med tur om Fjørtofta, Haramsøya, Sandøya, Ona og Gossen. Det får bli ein anna gong. Flott tur som anbefalast!

Det er også mykje anna ein kan utforske i Midsund, les meir om det her.

Kart over turen er her.












Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar