lørdag 9. juli 2011

Langtur på racersykkel'n - Romsdalsfjorden rundt

I dag har eg vore ute på langtur med racer-sykkelen. Først buss til Bolsøya, så sykling til Sølsnes og ferga over til Åfarnes. Så gikk turen til Åndalsnes-Innfjorden-Måndalen-Vågstranda-Vikebukt-Tresfjord og til slutt til Furneset. Sjelden har vel ein is og ei cola smaka like godt som i øvre salong på Romsdalsfjord!

Ein flott tur som for det meste går langs fjorden, men som også går langs godt trafikerte vegar, iallefall no i bobilsesongen, og det er ikkje alle som tek hensyn til ein syklist! Men alt i alt, ein flott tur, "beina var gode, heilt til finalen" (sitat Dag Otto) og veret var bra!

KART over turen







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar