Kløvstien, Trollstigen

I dag har eg gått Kløvstien, som er den gamle ferdselsåra mellom Sunnmøre og Romsdalen. Før bilvegen Trollstigvegen vart opna i 1936, var Kløvstien den viktigaste ferdselsvegen mellom Romsdal og Sunnmøre.

Kjempefin tur som starta på flatene i bjørkeskogen langs Istra, og som etterkvart blir brattare, og brattast idet ein kjem opp til Stigfossbrua. Deretter blir det to svingar på asfalt, før ein finn igjen stien som ender på Stigrøra. Turen har eitt bratt parti, men der er det bolta fast kjetting i fjellet, så det er berre å halde seg fast. Flott utsikt etterkvart som ein kjem høgare i terrenget.

På toppen kom sola endeleg gjennom skylaget, og eg kunne nyte ein kaffekopp før eg sette snuten ned igjen.

Ta turen, den anbefalast på det sterkaste!


Meir informasjon om ruta, Kløvstien, kart og foto finn du HER















Kommentarer

  1. Flotte bilder! Du er jo en riktig god fortograf.
    Kløvstien har jeg også lyst til å gå en gang, men er redd jeg ikke har god nok kondis til å gjennomføre....
    Gunn Line

    SvarSlett

Legg inn en kommentar