Smørbotntind, 1188 moh

Har i dag vore på ein fin topptur saman med Tonje, Camilla og Richard til Smørbotntind i Skorgedalen, Rauma. Har aldri vore i Skorgedalen på skitur før, men det blir iallefall ikkje den siste. Turen opp til Smørbotntind starta på parkeringsplassen i Skorgedalen (bomveg for å komme opp dit) på ca 350 moh. Første del gikk i lett terreng inn mot foten av fjellet, etterkvart vart det brattare, men det vart aldri sikkelig bratt. Nydeleg utsikt frå toppen! Turen ned var minst like fin som turen opp, mykje fin puddersnø å svinge seg i! Alle var einige i at det hadde vore ein flott tur!

For meir informasjon om turen, kart, rute osv, klikk her.









Kommentarer