fredag 11. mars 2011

Harstadfjellrennet 2011 - i morgon!

Harstadfjellrennet er eit fjelltelemarkrenn som har gått av stabelen i Batnfjorden sidan 1996. Den originale løypa har start på 1004 moh på toppen av Harstadfjellet, og har mål omtrent i fjøresteinane. I år er rennet flytta til Silsetfjellet på motsatt side av bygda pga. snømangel i nedre delar av traseen.

Silsethytta er base for arrangementet som har fleire konkurransar og tilbod. Det er Norgescup i skialpinisme, kor utøvarane skal innom dei tre toppane Mana, Steinmerra og Indergardsnebba, med start og mål på Silsethytta. Seinare på dagen er det start for fjelltelemarkrennet, som også har åpen klasse for alpint og snowboard, frå toppen av Indergardsnebba. Mål for denne konkurransen er også Silsethytta.

I tilegg er det barneskirenn, skileikområde og kiosksal.

Ta turen opp på Silsetfjellet og delta!!

Meir informasjon: Harstadfjellrennet Silsethytta Batnfjord


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar